| HOVUDSIDE | OM SAMLAGET | FORFATTARAR | NYE BØKER | NYHENDE |
![]() |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||
|
Systrene Sørumgård Botheim debuterer
Systrene Sørumgård Botheim debuterer med ein original og leikande roman om musikk, einsemd, kjekke menn, edle dropar og livet i Bygde-Noreg. Boka byr på eit mangfald av sjangrar: dagboknotata til hovudpersonane, dialogar, avisartiklar, foredrag, ein dødsannonse og eit brev frå Skattedirektoratet.
Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja i Gudbrandsdalen. Dei har budd saman på eit loft i Trondheim i fire år, og har brukt kveldane til å skrive i staden for å sjå på fjernsyn. ”Det var tungt, men nødvendig,” fortel dei. Søskenparet kler seg gjerne ut som personane boka og spelar ut enkelte scener. Meir om boka: Sigurd Sørheim tek opp den gamle hobbyen sin: å spionere på storesyster Debbey. Han avlyttar rom og telefonar, tjuvkopierer brev og dagbøker. Samtidig begynner han å spionere på mannen på nabokontoret, forretningsmannen og pianisten Humbrent. Det viser seg å vera ein link mellom dei to han spionerer på: Ramstein pensionat i Romsdalen. Meir informasjon om pensionatet og fasilitetane der finn du på Ramstein pensionat si facebookgruppe. (krev innlogging på Facebook) Om skriveprosessen Guri: Vi har ete godteri, drukke raudvin og generert tekst. Sigrid: Vi har skrive korte tekstutkast kvar for oss, for så å klyppe dei opp i småbitar. Så har vi vald ut lappar annakvar gong og sett saman ein ny tekst. Guri: I kryssklyppinga oppstod det personar, handlingar og formuleringar som overraska oss. Sigrid: Plutseleg stod det ting på arket som fekk oss til å proklamere: ”Dette hadde vi aldri greidd å tenkje ut.” Guri: Arbeidsmetoden resulterte i ein skrivestil som fyrst var ukjent for oss, men som vi etter kvart begynte å gjenkjenne og å framdyrke. Sigrid: Eg trur nesten ikkje at det er sant at ho kjem ut. Guri: Etter over fire års arbeid kunne vi trengt eit kuropphald på Ramstein pensionat.
Forfattarane: Guri (f. 1978) arbeider ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og er redaktør i tidsskriftet Ratatosk. Ho har tidlegare arbeidd på bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar. Guri er utdanna cand.philol. i allmenn litteratur og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Sigrid (f. 1985) har flytta til København. Ho er utdanna klassisk pianist ved NTNU (tidlegare Musikkonservatoriet i Trondheim). Sigrid har vikariert som organist i sju år, og arbeider nå som frilansar. Les meir om "Ramstein pensionat" her
Guri Sørumgård Botheim |
|||||||