Søkk er ei episk og heilskapleg diktsamling, der forteljingar og historier fortalde i barndomen, minne som brått dukkar opp, segner, overtru og folkeprat, skapar ein underliggande straum av uro mot noko som vert til ei kald røynd.
Ei ung kvinne mister barnet sitt. Gjennom ein kald vinter fell sorga saman med landskapet, det skiftande lyset i årstidene, og ho oppdagar at lindringa finst nettopp i desse omgjevnadene: i den alltid nærverande naturen, i alt det som lever og høyrer uløyseleg saman der.
"Som både dikter og bonde er det ikke rart Hilde Myklebust fra Vanylven blir sammenlignet med Olav H. Hauge. Man finner den samme enkeltheten og nærheten til naturen i hennes dikt. "Søkk" er en stille og var diktsamling. [...] Språket er enkelt og poetisk, og fullt av små, men betydningsfulle observasjoner og detaljer [...]"
Sunnmørsposten_magne_sandnes1.jpg) |
| Forfattar Hilde Myklebust |
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho har vore elev ved Skrivekunst-Akademiet i Hordaland og studert litteratur og teater ved universitetet i Bergen. Ho debuterte med diktboka
Berre dagar seinare i 2005.