Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Eg kom for å elske
Status: Antikvariat
ISBN: 9788252160086
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2002
Format: Innbunden


Del |

Eg kom for å elske
Innbunden  kr 250,-
Ei ung jente oppdagar seg sjølv og kjenner smerta ved eit brote familieliv. Samstundes med at mora får ein ny kjæraste, finn hovudpersonen i denne poetiske, sanselege forteljinga fram til sitt eige begjær.

Det ligg ei framand kvinne i mors seng. Ho ligg der med den blå, mjuke dyna halvvegs over seg. Eg kan sjå dei kvite og faste brysta hennar. Andletet er drøymande, munnen halvopen, venstre hand ligg slapt over mors rygg. I handa ei kvit truse.

"Det er poetisk, innsiktsfullt og vakkert gjort. Eg kom for å elske er eit imponerande stykke arbeid av ein debutant fødd 1980."

Marta Norheim, Boktilsynet, NRK.

"Ein av Tjønn sine store styrkar er det enkle, ujålete

språket. Han skriv seg inn i ein naivistisk

forteljarstil som kan minne om andre unge forfattarar,

som Mirjam Kristensen og Erlend Loe...Det er noko ved dei korte situasjonsskildringane som etterlet sterke bilete i sinnet - så enkle og presise at det like gjerne kunne vore episodar frå eigen barndom... Som lesar kan ein kjenne igjen barnets måte å

observere på - ein sårbar, open tilstand, utan

distanse eller analyse... Til tider er språket grøssande nydelig .. ei spennande ny stemme i det litterære

landskapet."

Firda

”Det som imponerer mest med denne debuten er det vakre språket og dei nyskapande bileta. ... Tjønn unngår på glimrande vis alle klisjear og alt kjenslevart kliss… Eg kom for å elske vert aldri sentimental, berre sterk og fin."

Forfatterne.net

print
Brynjulf Jung Tjønn
  Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er journalist, student og redaktør for Jung forlag. Han har tidlegare publisert tekstar i Signaler. Eg kom for å elske er den f ...
Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no