Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Øystein Vidnes
Foto: Herborg Pedersen

Øystein Vidnes

(f. 1976) er frå Fiskå i Vanylven. Han debuterte med novellesamlinga Bondeforteljingar i 2002 og gav ut romanen Ekstasar i 2006.

Vidnes stadfester i bøkene sine eit talent for å skrive observant og stilsikkert, med ein særeigen evne til å blande humor, absurdisme, fantasi og realisme. Resultatet endar ofte ein stad midt mellom galskap og klokskap, bygd og by, og har blitt kalla både innovativt og sjarmerande.

Vidnes er utdanna litteraturvitar og arbeider i dag som grafikar, skribent og formgivar. Han er nettansvarlig for mikroforlaget Gasspedal, fast designar for tidsskriftet Vagant, og stod for både omslag, sats og illustrasjonar til Globaliseringsboka, som kom ut på Samlaget i 2009.

Vidnes er dessutan omsetjar og fekk i 2009 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Han bur i Berlin.

print

Fleire bøker frå Øystein Vidnes

Bondeforteljingar
kr 300,-
Stein Meheim får sommarjobb i ein avisredaksjon, der møter han Anna. Saman reiser dei til Beksle, eit fjell få har høyrt om, nesten ingen har vore, og enda færre veit vegen til.

Siste bok

Ekstasar
kr 350,-
Tenk deg at det innestengde sinnet du går rundt med plutseleg blir til ein uventa fryd. Tenk deg at du vaknar ein morgon og endeleg forstår korleis du skal bli kvitt det absurde skjeret som ligg og...

Litterære prisar

Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing
For Veslebror ser deg (Cory Doctorow).