Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Gaute M. Sortland
Foto: Herborg Pedersen

Gaute M. Sortland

(f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.

Sortland mottok mange gode meldingar for debutboka, og blei mellom anna kalla ein særdeles løfterik debutant. Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare. Historia er truverdig fortald i eit stillfarande språk.

Gaute M. Sortland er låtskrivar og vokalist i country- og bluegrassbandet Bergen Mandolinband. Bandet spelar amerikansk folkemusikk i nynorsk språkdrakt og gav i 2008 ut si første plate, Lang veg til Tysvær. Plate nummer to, Til skogen, kom i 2010.

Sortland har mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur i Oslo.

print

Fleire bøker frå Gaute M. Sortland

kr 129,-
Johan vaknar opp til første dag i sommarferien, men ingenting er som det skal vere.
Johan
kr 249,-
Johan vaknar opp til første dag i sommarferien, men ingenting er som det skal vere. Dette er debutromanen til forfattar Gaute M. Sortland.

Siste bok

Du er her igjen og alt er forandra
kr 329,-
Kom deg vekk og ta med deg alt du eig, ropar du. Eg begynner å pakke medan du låser deg inne på do og græt. Det er heilt krise. Heldigvis eig eg ikkje stort. Berre litt klede, ein stabel...

Litterære prisar

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no