Nyheitsbrev
Lagt inn: torsdag 8. desember 2011
Eg kan nok ikkje seie eg har gjort nokon formidabel innsats på denne bloggen i haust.
Kommentarar (1)
Erling Lægreid (1939-2011)
Lagt inn: måndag 5. desember 2011
Den første tanken min då eg såg at Erling var død, var å ringe han og fortelje det.
Kommentarar (1)
AKER BRYGGE MÅLLAG: SKIPINGSMØTE
Lagt inn: torsdag 1. september 2011
I løpet av dei tre månadane eg budde på eit polsk slott i vår, etablerte eg så fine vanar at tanken på å vende tilbake til mi gamle kulturmarxistiske leilegheit på Sagene var umuleg.
Kommentarar (1)
Nå skal underlivet glitre!
Lagt inn: tysdag 21. juni 2011
Korleis kan blad og magasin retta mot kvinner halde fram med å skrive det som dei skriv (og som dei må skrive om dei framleis vil ha lesarar), utan å framstå som galningar? Korleis kan vekepressas altruistiske begjær etter å servere lesarane sine store menger pusterom i hverdagen bli tilfredsstilt utan at dei samstundes framstiller seg sjølve som kapoar i ein lavkarbo-konsentrasjonsleir? Dette spørsmålet har eg ofte stilt meg, men svaret kom brått til meg i går, då eg hadde den store glede av å lese Dagbladet sitt nye torsdagsbilag, «God torsdag!» (Mitt framlegg til tittel: «God torsdag!!!!!!!! ;-)
Kommentarar (1)
Siste nytt frå reality-utlandet
Lagt inn: fredag 6. mai 2011
Mange vil ha registrert at eg nyleg har gitt ut ei kontroversiell bok som har splitta landet vårt i to, samt mottatt min første telefontrussel pr. talebeskjed, der ei eldre kvinne ba meg om å «dra til utlandet».
Kommentarar (1)
DAGENS TIPS
Lagt inn: torsdag 17. mars 2011
Ja, no er våren her.
Sola e komma, for å seie det med Henning Sommerro (NB. må ikkje lesast som ein metaforisk regel for korrekt teiknsetjing.) Eller
er no verkeleg våren her? Eg synest det er like kaldt. Men i desember fekk eg eit godt tips om korleis forfattarverksemd kan kombinerast med høge straumprisar, frå ein kjær kollega og venn som går under pseudonymet K. Lolleskog. Tipset er som følgjer: la leilegheita vere iskald, men set ein god omn under skrivebordet. Skrivelysta vil stige proporsjonalt med tilfredsstillinga av det grunnleggjande menneskelege behovet for varme. Sidan det enno er litt vinter att, deler eg dette tipset heilt på tampen.
Kommentarar (0)
Samlagsbloggen presenterer: skilde ved fødselen Stortinget-spesial
Lagt inn: tysdag 8. mars 2011
Eg åt middag (urtebakt laks, svært godt) i Stortingskantina i går, sidan eg likevel var der og dreiv med litt lobbyverksemd (eg prøver å få politikarane til å gjeninnføre dødstraff). Men midt under middagen sette eg nesten laksen i halsen:
Kva? Sakprosaprofessor Johan L. Tønnesson, HER, i Stortingskantina?!? På eit bord, berre åtte meter frå meg, sat sakprosaprofessoren og smila og lo, og klaska seg på låret, saman med fleire framståande politikarar frå to av tre raudgrøne parti, medan dei nærast styrta kaffi. Eg trudde ikkje mine eigne augo. Og med god grunn, for det var ikkje Johan L. Tønnesson, men derimot hans dobbeltgjengar i politikken og helsevesenet, Are Helseth (Ap), lege og 1. vararepresentant frå Akershus.
Kommentarar (0)
Nye trender
Lagt inn: måndag 31. januar 2011
For å halde fram med det store fokuset på utsjånad som så langt har dominert denne bloggen, er det no på tide å drøfte ei sak som eg har tenkt på ei stund.
Kommentarar (3)
Karriere & Fritid
Lagt inn: måndag 17. januar 2011
Velkommen til den nye måndagsspalta
Karriere og Fritid. Her vil eg tematisere noko som eg veit opptar mange, nemleg arbeidslivet. Av og til vil det òg bli tid til overs til litt fritid, men dette kjem til å variere.
Kommentarar (6)
Forretningsidé-føljetong julespesial!
Lagt inn: torsdag 23. desember 2010
Observante lesarar vil kanskje ha registrert at adventskalenderen min kollapsa for ei lita stund sidan, tilsynelatande heilt umotivert. Eg vil ikkje gå nærare inn på kva nøyaktig det var som hende, men nøyer meg med å sitere Sigmund Skard: "Vi skal turka klysene av oss og gå vidare med målarbeidet denne gongen, au." Sitat slutt. No kan eg avsløre at eg har forskansa meg i ein mellomstor norsk kommune (areal: 620,44 km2), og her vil det føregå tradisjonsrik men nøktern markering av julenissens fødselsdag dei næraste dagane. Som ei julegåve til folket, og sidan eg enno ikkje har greidd å kome forbi Vinmonopolets sentralbord, har eg bestemt meg for å seie rett ut, her på internett, dette vox populi horribilis, kva forretningsidéen min er. Her trengs eit linjeskift.
Kommentarar (1)