Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

TRE BOKSTAVKJEKS PÅ EIN DAG

Lagt inn: torsdag 11. august 2011

Berre for å kome i gang igjen etter ferien, og for å understreke kor triviell kjøkenbenkrealismen kan vere, vil eg no fortelje om ei kulinarisk oppleving: På tysdag i førre veke åt eg tre bokstavkjeks.

Eg køyrde ungane mine frå Solheimsdalen til Bergen, og måtte opptil fleire gongar stagge munnen på dei med ufine metodar. Dette hadde eg føresett, og difor plassert ein open boks bokstavkjeks mellom dei to framsetene. Ikkje heilt trafikkfarleg, men delvis over handbrekket var det jo.

Best som det var kom eg i skade for å putte ein bokstavkjeks i min eigen munn. Overraska, men interessert gav eg meg til å smake på han. Eg kunne tidleg konstatere at det ikkje var godt. Overflata var merkeleg glatt, og konsistensen var overraskande lite ettergjevande for spytt. Det var eit hint av vanilje i smaken, men kjeksen framsto likevel som grov og altfor lite søt. Til saman skapte dette eit inntrykk av papp, og eg var glad då eg endeleg hadde fått svelt kjeksen og var ferdig med han.

Ikkje lenge etter hadde eg likevel forsynt meg med endå ein kjeks. Han var like lite god, og mens eg smatta på han og vurderte kor mykje energi eg fekk i meg av å fullføre han, syntes eg litt synd i ungane som hadde så dårleg smak. Eg trøysta meg med den pedagogiske gevinsten overfor treåringen og undra meg over at babyen greidde å få kjeksen i seg med den vesle, nesten tannlause munnen sin.

Då eg rydda ut av bilen etter at ungane var i seng, oppdaga eg ein kjeks i botnen av babysetet. Før eg tok setet ut av bilen for å riste ut smulane, plukka eg opp kjeksen og putta han i munnen. Denne var litt fuktig, truleg oppbløytt av babyspytt, men han smakte ikkje noko betre av den grunn. Eg blei overraskande lite uvel då eg blei oppmerksom på kva eg hadde gjort, men det kan ha vore ein form for reaksjon at babysetet blei gløymt på bakken ved sidan av bilen, og at det sto der heile natta.

 

Skriv ein kommentar

 
 

 

 

Olaug Nilssen
(f. 1977) debuterte med romanen "Innestengt i udyr" i 1998, og har sidan skrive fleire bøker i ulike sjangrar og utmerkt seg som ei tydeleg og viktig stemme i n ...
Aktive samlags-bloggarar
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no