Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Mette Karlsvik
Foto: Tove K. Breistein

Mette Karlsvik

(f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 fekk ho både Bohandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend.

I romanen Flytårn (2007) møter vi flygeleiaren ved Kvernberget flytårn. Han har utsikt over alt og gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnstilhøva i området – men har han innsikt nok til å forstå kone og barn? Romanen Pol kom i 2008, og barneboka 1-2-TRE! i 2009. Romanen Bli Björk (2011) vart nominert til Brageprisen. 

Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.


Karlsvik er frå Frei på Nordmøre og bur i Oslo.
print

Fleire bøker frå Mette Karlsvik

Bli Björk
kr 169,-
Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot.
Bli Björk
kr 369,-
Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot.
1–2–TRE
kr 229,-
I Mette Karlsviks første barnebok følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.
Pol
kr 319,-
Pol er ein roman med sprettande tekst som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk.
Flytårn
kr 269,-
Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølv, og dei som trufast blir igjen – og blir sjuke.

Siste bok

Varmá
kr 349,-

Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med sine varme kjelder legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Norge...

Litterære prisar

Stig Sæterbakkens minnepris 2012

Bokhandlerforeningens stipend 2012

Skien kommunes kunstnerstipend 2012

Sigmund Skard-stipendet

Tarjei Vesaas' debutantpris
For Vindauga i matsalen vender mot fjorden.

Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo