Arnfinn Kolerud
(f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte i 1996 og har fått fleire prisar for bøkene sine.
Kolerud fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for den første boka si, Berre ikkje brøyteplogen kjem. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. Felles for bøkene til Kolerud er at dei gir stillferdige og sanselige innblikk i oppvekst, guteliv og bygdeliv i 1970-åra.
For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) blei Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris.
Han er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.
Fleire bøker frå Arnfinn Kolerud
kr 149,-
Det er skrive eit stygt ord på veggen. Men kven har gjort det? Rikke og Lea skal finne ut av mysteriet, same kva.
kr 250,-
To tenåringsgutar fotograferer ein mann idet han gjer noko ulovleg. Etterpå prøver dei å presse pengar ut av han.
kr 100,-
Arnfinn Kolerud fikk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris for denne boka, og han var nominert til Brageprisen. No kjem den i pocketversjon.
kr 234,-
I denne fenglande ungdomsromanen får vi innblikk i skulelivet, familielivet og vennelivet til Odd.
kr 300,-
Ein oppvekstroman frå skogen, der ulike tre, i forsøk på å finne meininga med livet, begynner å leite i språket. Eit lite grantre kjem til skogen og deler tida i to: før og no. Før, i den naturlege tida, hadde alt som hende også hendt før, men no, i den unaturlege tida, kan kva som helst hende. Dei kan aldri meir kjenne seg trygge på at det ikkje plutseleg kan hende noko fælt og framand, noko ingen har sett før og ingen kan forklare. Romanen handlar mykje om å vere aleine, litt om å vere to.
kr 200,-
Ein vinterkveld er lilleputtspelaren Odd ute for å selge lodd til inntekt for fotballgrupppa. Det bor mange rare folk langs den mørke vegen, og kva tid som helst kan brøyteplogen kome.
Siste bok
kr 359,-
Berre ei siste, lita, trassig bygd i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Berre ei siste, lita, trassig bygd i nordvest klamrar seg til nynorsken....
Litterære prisar
Guro Sandsdalens litteraturpris
Guro Sandsdalens litteraturpris 2005 for Den som ikkje har gøymt seg no.
Norsk litteraturkritikerlag sin barnebokpris
Norsk litteraturkritikerlag sin barnebokpris 2004 for Den som ikkje har gøymt seg no.
Nynorsk barnelitteraturpris
Nynorsk barnelitteraturpris 2004 for Den som ikkje har gøymt seg no.
Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur
Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 1996 for Berre ikkje brøyteplogen kjem.
Nynorsk barnelitteraturpris
Nynorsk barnelitteraturpris 1996 for Berre ikkje brøyteplogen kjem.
Kalender
Lansering!
Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012:
Noko har skjedd.
Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.
Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...