Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Atle Hansen
Foto: Marte Belsvik Hansen

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk.

Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008) og Den svarte oksen (2009).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU).

Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.

print

Fleire bøker frå Atle Hansen

Sargasso (2. utg)
kr 129,-
Nokre år etter krigen kjem ein breibeint sjømann i stripete dress, med glattkjemt hår, koffert i den eine handa og skipssekk i den andre, inn i resepsjonen på Hotell Limbo Haugesund. Der arbeider det ei kvinne.Tida står stille, lufta dirrar av spenning, det er kjærleik ved første blikk.
Fangar i natta
kr 199,-
I "Fangar i natta" møter vi igjen dei fire barna på Skjeret, og dei hamnar igjen i fare. Då Martin kjem ned til jolla si ein morgon, er påhengsmotoren borte. Det viser seg at ein austeuropeisk liga har vore på ferde i båthamna.
Skatten i Skutevika
kr 199,-
Dette er ein uavhengig oppfølgjar av Det kvite pulveret (2006).
Det kvite pulveret
kr 199,-
Spenningsromanen Det kvite pulveret er ei bok om sommar, sol og narkotikasmuglarar. Boka opnar med at Anders, som bur på ei lita øy ute i havgapet, finn ein svart pakke nede i fjæra.
Som ein engel
kr 350,-
To unge gutar finn ei ung jente som ligg og flyt i sjøen. Dei kjenner henne, det er Brit Eikeland, den vakraste jenta i bygda, ho som alle gutar og menn fantaserer om, men som ingen torer nærme seg. Kva har hendt? Atle Hansen har skrive ein oppvekstroman frå Vestlandet mot slutten av 1960-talet, ei rik forteljing som byr på erotikk, spenning, heimebrygg, kjærleik, bedehus, tungetale og popmusikk.
Ulvestova
kr 200,-
Ein dag Alf er i skogen føler han seg overvaka. Han trur det kan ha noko med den forsvunne mora å gjere, og Alf blir dradd inn i mystiske hendingar. Er det draum eller røyndom det han opplever. Er det mora eller nokon andre som spionerer på han, og kvifor skal det komme ein veg oppå fjellet der det kanskje bur huldrer og haugfolk?Ei svært spennande bok for dei frå ti år.
Sargasso
kr 350,-
Nokre år etter krigen kjem ein breibeint sjømann i stripete dress, med glattkjemt hår, koffert i den eine handa og skipssekk i den andre, inn i resepsjonen på Hotell Limbo Haugesund. Der arbeider det ei kvinne. Tida står stille, lufta dirrar av spenning, det er kjærleik ved første blikk.
Heksa
kr 199,-
Kva gjer ein når ein er tatt til fange, det er natt, og det er minst fem meter ned til bakken? Dette er boka som tillet barna å kjenne ekte, ufiltrert spenning.
Pelle Parakitt
kr 200,-
Marianne må gå på skulen kvar dag. Ho er sju år og går i andre klasse. Pelle er åtte år og går ingen stader, for Pelle er ei papegøye. Marianne og Pelle er bestevenner, men Pelle liker ikkje at Marianne går ut. Han vil at dei skal vere saman heile tida.

Siste bok

Den svarte oksen
kr 199,-
Det er sankthans. Gisle har reist åleine på telttur, noko som viser seg å vere meir skummelt enn han hadde trudd. Kvar kom den svarte oksen frå? Er det nokon som tuslar rundt teltet når det blir...

Litterære prisar

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no