Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Heikki Gröhn

Heikki Gröhn er født i Bergen i 1949 og debuterte med ei diktsamling i 1971. På Samlaget har han gitt ut bøker for barn sidan 2005. Han bur på Holmlia i Oslo.

Bøker

For vaksne

(heikki heikki:) broschure - dikt (i «gruppeboka» Åtte fra Bergen, 1969)

DANS - dikt (1971)

Kråken synger - dikt (1972)

Det går - dikt (1975)

Eg var ein hemmeleg desperado - dikt (1987)

(heikki heikki:) svanene / så kvite / så svarte - fliser (2005)

(heikki heikki:) to lock the door / turn knob the right (left) - fliser (2006)

For barn

Mika blir gått ifrå - biletbok saman med Akin Duzakin (2005)

Ninni byrjar på fotball - lettlesbok (2006)

Folkets hus brenn, Mika! - biletbok saman med Akin Duzakin (2006)

sjå også Splendid Forlag

print

Fleire bøker frå Heikki Gröhn

Folkets hus brenn, Mika!
kr 200,-
Ein dag kjem størstebroren til Mika springande heim frå skolen, heilt våt av sveitte, og fortel at Folkets Hus står i brann! Mora til Mika grip handa hans og stryk på dør, medan ho ropar til størstebroren at han må ta seg mat og kome etter.
Ninni byrjar på fotball
kr 59,-
Illustrert av Kerstin Fors Skarpaas.Ninni byrjar på fotball, men alle dei andre er gutar, og ingen sentrar til ho. Ho er for dårlig, seier dei. Når trenaren ber ho ta straffe, blir ho nesten sjuk i magen.
Mika blir gått ifrå
kr 200,-
Ein dag Mika er i parken saman med mor og veslebror, blir det plutseleg heilt mørkt. Og det er jo ikkje natt, men solformørking! Litt seinare vil Mika så gjerne kikke inn i eit buskas som han lenge har lurt på korleis ser ut. Mor prøver å stanse han, men Mika vil i inn under buskane. Det viser seg å ikkje vere så spennande der som han trudde, og snart kryp han fram att – men då er mor og dei andre heilt borte vekk! Heikki Gröhns barnebokdebut er ein tekst med ein sjeldsynt nærleik til barnet. Akin Duzakins illustrasjonar er som alltid vakre og meddiktande.

Siste bok

Mika og tjuvane
kr 199,-
I denne tredje boka om Mika er det ein ting Mika lurer på, nemleg om tjuvar kan vere greie.

Ved byggjeplassen der far til Mika arbeider, har to gutar bygd bur til kaninane sine. Gutane er så...

Litterære prisar

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no