Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Marit Eikemo
Foto: Mimsy Møller

Marit Eikemo

(f. 1971) er frå Odda. Ho gav ut sin første roman, Mellom oss sagt, i 2006. Den kritikarroste oppfølgjaren, Arbeid pågår, kom i 2009.

Eikemo debuterte som forfattar med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Her lèt ho ungdom i alderen 15-20 år fortelje om tankane sine og miljøa dei tilhøyrer. For denne boka fekk Eikemo Mållagsprisen frå Odda mållag i 2000.

Hennar første roman, Mellom oss sagt (2006), fekk mykje merksemd og gode meldingar, og essaysamlinga Samtidsruinar (Spartacus, 2008) blei kåra til «Årets nynorskbok» av Dag og Tid i 2008. I 2009 kom Eikemo med sin andre roman, Arbeid pågår, ein underhaldande og samtidskritisk roman med sterkt driv, fine dialogar og ugløymelege scener.

Marit Eikemo er utdanna cand.mag. og har tidligare vore journalist og redaktør for Syn og Segn. Ho er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.

print

Fleire bøker frå Marit Eikemo

kr 129,-
Underhaldande roman med sterkt driv. Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca, ein av Europas største byggjeplassar, for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men han har med seg rastløysa og problema heimanfrå, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein.
Arbeid pågår
kr 369,-
Harald Strand har pakka koffert og laptop og reist til Costa Blanca, ein av Europas største byggjeplassar, for å fullføre doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men han har med seg rastløysa og problema heimanfrå, og borte ved bassengkanten ligg Alice, distraksjon nummer ein.
Mellom oss sagt (billigbok)
kr 129,-
"Eikemo skriver morsomt og med satirisk brodd om identitet, intimitet og vennskap i det moderne samfunnet." Maya Troberg Djuve, Dagbladet
Mellom oss sagt
kr 329,-
Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp.
synd.no
kr 0,-
Keisemd, sinne, gjerrigskap, hovmod, begjær, misunning, fråtsing.- Ein moderne og annleis antologi.- Korte, presise refleksjonar og observasjonar om sentrale aspekt ved det moderne tilværet.- Seks skjønnlitterære forfattarar og ein prest set dødssyndene inn i samtida vår.- Tekstane er bilete av vår tidsånd og levemåte.
synd.no
kr 300,-
Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?
Her, no : møte med unge menneske
kr 359,-
Boka skildrar korte møte med ungdom i alderen 15-20 år i tekst og bilde. Møta er streif inn i ei tid med dramatiske kjensler, alvorlege val, lengsel og humor. I intervju og reportasjar fortel unge menneske om tankane sine og miljøa dei tilhøyrer.

Siste bok

Samtale ventar
kr 369,-

Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november...

Litterære prisar

Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.

Odda mållag sin mållagspris
For Her, no. Møte med unge menneske.

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no