Vinnarar i strikkekonkurransen er kåra!
3 heldige vinnarar får bok og garn

01. JANUAR:
Oppgåva var: Strikk flotte vottar med dyremotiv!
Vi har fått inn mange flotte bidrag, og har nå valt ut tre vinnarar som får boka Norske vottar og vantar og garn for 1000 kr frå Hillesvåg Ullvarefabrikk!
Dei tre er:
Merete Pedersen, Lone Soleng og mora til Aslaug Eide Abelsen. Gratulerer!
Send e-post med adresseinformasjon til e.nome@samlaget.no så vi kan sende premien!
Vi synest to av vottane til Merete Pedersen er flotte. Ein med katt og ein med hund. Merete Pedersen har sans for detaljar, til dømes ”bein” båe på tommel og i mansjetten på hundevotten og potemønsteret på kattevotten.
Mora til Aslaug Eide Abelsen har ein stor produksjon av vottar med dyremotiv. Vi falt spesielt for votten med den springande hjorten. Den er nydelig strikka.
Lone Soleng vinn for sin flotte ”fuglevotten”. Denne har mange flotte detaljar, til dømes hjarte og åttebladsrose på tommel.
De kan sjå vottane på Facebook-sida vår!
Ein stor takk til alle som har delteke i konkurransen med flotte vottar og vantar - det har vore utruleg fint å sjå alle dei fantastiske bidraga!
Vi kjem snart med fleire bøker om håndarbeid - først med Heilt hekla av Erica Laurell - følg med på nettsida og på Facebook for meir informasjon og fleire konkurransar!